Oppdatert info om koronasituasjonen


 

Etter regjeringa og Kyrkjerådet sine nye anbefalingar er det gjort følgande endringar for perioden fram til 12.april:

Alle gudstenester og arrangement for vaksne vert avlyst. Det vert arbeidd med digitale løysingar for gudstenester i samarbeid med kyrkjelydane i prostiet. Info om dette vert lagt ut på den enkelte kyrkjelyds heimesider/facebook.

Barne-/og ungdomsarbeid er i utgangspunktet unntatt endringane. Likevel er det gjort nokre avlysingar ut frå antall vaksne og deltakarar på arrangementa. Beskjed til deltakarar skal vere gitt frå trusopplæringa. Er du likevel usikker på om dette gjeld ditt arrangement, ta kontakt med trusopplæringa (sjå kontaktinfo under "om oss" i toppmenyen).

Dåpshandlingar, vigsel og gravferd blir gjennomført med begrensa antal personar til stades. Deltakarar kan ikkje koma frå andre kommunar enn Time.

Kyrkjekontoret vert stengt for publikum. Sentralbordet er likevel open som vanleg på: tlf 51 77 03 77.

Barnehagane er opna i tråd med nasjonale retningslinjer.

Denne artikkelen vert oppdatert etterkvart som ny informasjon vert tilgjengeleg.

Tilbake