Alle rettigheter 2019 Time kyrkjelege fellesråd



Informasjon


Dåpspåmelding

For å opne nytt påmeldingsskjema (klikk på "Ny registrering"), treng du eit 11-sifra fødselsnummer. Dersom du ikkje har barnet sitt fødselsnummer, kan du bruke ditt eige. Du vil motta ein kode på sms for å gå vidare i prosessen.

Når du har logga inn, vel du ynskja kyrkje og dato for dåp. I fyrste omgang er det nok å fylle ut namn på barnet og kontaktinformasjon til foreldre/føresette. Er namn på barnet enno ikkje bestemt, kan du likevel sende inn skjemaet.

Når påmeldinga er registrert hjå oss, vil du motta stadfesting per sms eller e-post. Du kan seinare gå til "Eg vil opne ei registrering" og oppdatere innhaldet i skjemaet, t.d. skrive inn namn på fadrar. Bruk same fødselsnummer og telefonnummer som ved fyrste innlogging.

Alle som bestiller dåp av barn i Time, Bryne eller Undheim kyrkje, må framvise kopi av Bekretelse av fødsel og namn i Folkeregisteret. Ta kontakt med Inger-Kathrine Kjølleberg på Time kyrkjekontor (tlf 51 77 03 77) dersom det skulle vere spørsmål knytt til dette.

Opplysningane me samlar inn i samband med dåpen, vil nyttast for oppfølging av den kyrkjelege handlinga.